Solidaritetsappell – 29. nov 2025
Lørdag 29. november markerte vi FNs internasjonale solidaritetsdag for det palestinske folk med en demonstrasjon på Youngstorget, sammen med Palestinakomiteen i Oslo. Emil Nordvik, frivillig, holdt en sterk appell på vegne av KFUK-KFUM Global. Her kan du lese den:
I to år har verdas auge vore på Gaza. Vi har sett 70 000 menneske bli drepne, og over 20 000 av dei er barn og unge! Dei som er igjen, har blitt fråtatt ein stad å bu, ein skule å gå på, og dei lever i konstant usikkerheit om korleis framtida deira blir.
Men mens vi fokuserer på folkemordet på Gaza, så er det lett å miste syne av kva som skjer på Vestbredden. Der veks ungdom opp med fleire og fleire hindringar. Det er rundt 900 checkpoints på Vestbredden – barrierar som når som helst kan stengast, og skille folk frå vennar og familie, frå studiar og jobbar – men òg frå sjukehus og akuttmottak! Det er ikkje ein normal kvardag. Det er ein permanent innskrenking av friheit, og eit system som er som skreddarsydd til å skape meir radikalisering!
På Vestbreidda lever unge i frykt for å bli arrestert for ting vi kan seie heilt fritt her i Noreg. For berre ei veke sidan møtte ansatte i KFUK-KFUM Global unge gutar i Betlehem som hadde blitt skada eller arrestert av det israelske militæret. Nokre av dei kjem til å bere både fysiske og psykiske sår for resten av livet. Likevel var noko av det første dei bad om, ikkje hemn – men ein ambulanseteneste til landsbyen sin, Beit Fajjar. Dei har begynt å lære seg førstehjelp, fordi dei veit det kan bli dei sjølv som må redde ein venn neste gong nokon blir skutt.
For meg er det dette solidaritet handlar om. Å sjå menneske, å kjenne smerta deira, men også motet deira. Å løfte fram dei som nektar å gi opp trass i alt dei står i.
Vi krever ei framtid der palestinske barn får vokse opp i fred, der unge kan gå på skule utan frykt, og der liv ikkje blir avgjort av eit stengt checkpoint. Og ikkje minst, at ein ikkje treng å leve i frykt for å bli skutt på open gate, eller bomba når ein ber i moskéen eller kyrkja.
Derfor krever vi at norske myndigheiter trekker oljefondet ut av Israel, for at våre sparepengar ikkje skal finansiere apartheid og folkemord.
Vi krever at norske våpen ikkje skal ende opp hos det israelske militæret.
Vi krever – rett og slett – ein slutt på folkemord og apartheid!
Boikott Israel – Fritt Palestina!
Emil Nordvik, frivillig i KFUK-KFUM Global
Appell på Youngstorget 29. november

