UUnnVERLEGE AKTØRAR I KRISETIDER

Traume forsvinn ikkje berre fordi ein pandemi dukkar opp. I Kiryandongo må viktig arbeid halde fram, sjølv om nye kriser oppstår. Les vidare for å få eit innblikk i kva KFUK-KFUM Global gjer for å halde fram med psykososial vegleiing, samstundes som eit viktig samarbeid med helsemyndigheitene har sprunge fram. 

I flyktningbusettinga Kiryandongo i Uganda bur flyktningar frå Sør-Sudan tett saman. Smitte spreier lett. Mange unge har mista foreldra sine, og bur derfor saman med besteforeldre i risikogruppa. I flyktningleirar er det vanskeleg å få informasjon om korleis ein skal takle koronakrisa. Der er det viktig at KFUK-KFUM Global samarbeider med helsemyndigheitene i Kiryandongo om å gi folk informasjon, til dømes gjennom radioprogram på fleire språk, slik at alle forstår. 

Mange internasjonale organisasjonar har sendt arbeidarane sine heim frå Kiryandongo for å unngå smitte. For dei tilsette i KFUK-KFUM Global som framleis er i Kiryandongo er situasjonen krevjande. Pandemien skapar meir arbeid, og det gjer at må få dei pengane som fins til å nå endå fleire med livsviktig hjelp. Traume mange unge ber på som eit resultat av krig og konflikt slepp ikkje taket sjølv om ei ny utfordring dukkar opp. Derfor er det viktig at arbeidet med psykososial støtte som våre tilsette driftar held fram, også under pandemien. Vegleiarane tek no samtalane over telefon på grunn av smitterisiko, men prøver å gjere jobben som før. Dette er berre mogleg fordi vi mottek støtte frå deg og fleire andre til å gjere desse aktivitetane. Tusen takk for at du støttar oss, slik at vi kan halde fram med arbeid for unge menneske også i krisetider!

Foto: Patrick Wanyiri

Partnarane våre går usikre tider i møte. Noverande situasjon gjer langsiktig planlegging utfordrande, og økonomi er ein viktig faktor. Bli fast givar hos KFUK-KFUM Global og ver med å bidra til økonomisk stabilitet for arbeidet vi gjer i Uganda og for dei andre partnarane våre.

Dersom du har spørsmål når det gjeld givarforholdet ditt, ønskjer å auke ditt månadlege beløp på ein eksisterande givaravtale eller har andre spørsmål, er du hjarteleg velkommen til å ta kontakt med oss på tlf 22 99 15 90 eller ved å sende ein epost til global@kfuk-kfum.no