Pandemien traff hardt, men det er håp

Eg jobbar som prosjektkoordinator på vårt Youth Justice-program i Pietermaritzburg YMCA. Dette er eit program som jobbar med ungdom som slit med rusmisbruk, som er heimlause eller som er sexarbeidarar. Målet med programmet er å redusere tilbakefall og å reintegrere dei unge tilbake i samfunnet gjennom psykososial støtte, livsmeistring og aktivitetar dei unge har lyst til å delta i. Dei fleste av aktivitetane i programmet gjer vi gjennom å møte dei unge der dei er, og så inviterer vi dei på besøk til KFUM for eit måltid og reine klede. Når dei er hos KFUM får dei også vere med å delta i rådgjeving, bønn og blir referert vidare til rehabilitering dersom det trengst.

Jobben vår er kompleks fordi dei vi jobbar med kjem med så mange utfordringar at vi ofte ender opp med mykje større grupper enn det vi ser for oss. Vi hadde gjort så stor framgang i tida fram mot pandemien, men så stengte KFUM ned, dei tilsette måtte reise heim og vi hadde inga aning om korleis vi skulle nå fram til ungdommane våre som var heimlause, og kva som kom til å skje med dei. Kommunen opna eit senter for dei, og alle vart leia dit utan å bli forklart kvifor eller kva som skulle skje. Det førte til mange utfordringar. Fleire av sexarbeidarane hadde familiar dei forsørga, fleire av dei unge hadde problem med rus- og alkoholmisbruk, og felles var at ingen av dei fekk moglegheit til å reise frå senteret. Vi og andre sivilsamfunnsorganisasjonar blei henta inn for å hjelpe til, ettersom situasjonen blant dei unge eskalerte. I byrjinga vart både menn og kvinner tekne med til same senter. Dette resulterte i fleire valdtekter og rapportering om kjønnsbasert vald.

Pandemien trefte oss hardt. Det gjekk fint å jobbe på sentera som kommunen sette opp, men problema auka då nedstenginga vart innstramma og vi måtte tilbake til KFUM. Straumen vart kutta på KFUM fordi vi ikkje kunne betale rekninga, så vi kunne ikkje lage mat til dei unge som budde der. Dei som var tolmodige nok til å bli verande, vart rekrutterte av kommunen til eit 18 månadars praktikantopphold for å fortsette reintegreringa i samfunnet.

Kommunen har tillit til oss som sivilsamfunnsorganisasjon som jobbar med unge og fordi vi har hatt suksess med dette arbeidet tidlegare. Samarbeidet med senteret hjelpte oss å rekruttere fleire unge kvinner som hadde begynt som sexarbeidarar, og vi har no tilpassa eit program til desse kvinnene slik at dei som ønsker det kan finne nye måtar å forsørge familien sin på. Hovudmålet vårt er å redusere talet på unge som begynner med sexarbeid, og senteret gav oss ein plattform å møte unge på innanfor trygge rammer. Kommunen bidrog også med medisinar til dei unge som sleit med abstinensar, og psykososial støtte vart tilbode. Etter kvart som tida gjekk, vart mange betre og kunne begynne å reetablere band til familiane sine att, og dei spreidde ordet til fleire i sine nettverk om tilbodet vårt. 

Vi jobbar framleis tett med lokalsamfunnet og med dei heimlause. Fleire kjenner til programmet vårt, vi har fått meir støtte, fleire partnarskap med andre organisasjonar som jobbar for det same som oss, nemleg det aller beste for våre unge. Slik kan vi oppnå ein generasjon som er betre rusta for framtida

Phumla Khuzwayo
Youth Justice Prosjektkoordinator, Sør-Afrika KFUM