Den 6. februar er det den internasjonale dagen for nulltoleranse for kvinneleg kjønnslemlesting. Det er ein dag for å opplyse om og jobbe for at denne skadelege skikken skal få ein slutt. Kva er FGM?
Kvinneleg kjønnslemlesting, på engelsk female genital mutilation (FGM), er i følgje WHO ei samlenemning som omfattar alle prosedyrer der ein delvis eller heilt fjernar dei kvinnelege eksterne genitalia, eller skadar dei kvinnelege kjønnsorgana av ikkje-medisinske grunnar. FGM blir oftast gjennomført på jenter i alderen 0-15 år, og kan forårsake massive blødingar og helsekomplikasjonar slik som til dømes cyster, infeksjonar, infertilitet og komplikasjonar under fødsel. I tillegg er inngrepet svært traumatisk for jentene som gjennomgår det.
FGM blir praktisert av ulike grunnar i ulike kontekstar. For nokre handlar det om kulturelle skikkar, i nokre afrikanske kulturar er det eit overgangsrite, der jenta etterpå er å rekne som kvinne. Andre ser skikken som ein måte å auke unge jenter sin verdi, då dei vil vere verdt ein høgare brudepris etter å ha gjennomgått FGM. Det finst fire typar FGM. Desse skil mellom kor store delar av kjønnsorganet som blir lemlesta. Den vanlegaste typen omfattar fjerning, anten delvis eller heilt, av klitoris.
FGM blir praktisert i mange afrikanske land, og også i andre land i verda. I mange kulturar i Aust-Afrika er det utbreidd å praktisere FGM på lik linje med mannleg omskjæring som eit overgangsrituale. Den store forskjellen er at kvinneleg kjønnslemlesting ikkje har beviselege helsefordelar. Det finst fleire ulike argument brukt av dei som praktiserer FGM, som at familien får betre brudepris dersom jenta er omskoren, at ho blir moden fortare eller at ein unngår tenåringsgraviditet, då FGM også reduserer libido. Felles for alle argument og rettferdiggjeringar av FGM, er at dei skadar unge jenter og kvinner.
200 millionar jenter og kvinner i 30 land har gått igjennom ein eller annan form av FGM. Viss dette held fram, vil 15 millionar jenter mellom 15 og 19 år bli offer for skikken innan 2030. Dei tre siste tiåra har det vore ein global nedgang i praksisen, og FGM har blitt anerkjent som brot på menneskerettane. Eliminering av praksisen har difor blitt ei global målsetjing. I 2012 ba FN det internasjonale samfunnet om å intensivere tiltak for å få slutt på praksisen, og frå 1985 til i dag har tala gått ned frå 51% til 37%.
Sjølv om det er ein nedgang, blir FGM framleis praktisert, og nokre land merkar mindre til nedgongen enn andre. Somalia har opplevd få endringar, og over 90% av kvinnene har vore utsett for FGM. Sierra Leone gjorde praksisen forbudt ved lov i 2014, men det skjer framleis.
Det finst mange måtar å jobbe for å eliminere FGM. Omfattande seksualundervisning og endring av overgangsriter er to viktige element. Det krever samhandling på tvers av sektorar, og god bevisstgjering.
WHO
End FGM European Network