MEIR ENN EIN SKULE

Den langvarige borgarkrigen har traumatisert ei heil befolkning. For unge i Sør-Sudan er skulen ein plass for framtidshåp og for å bli sett. 

I Maridi i Sør-Sudan driv KFUK ein skule støtta av KFUK-KFUM Global som fokuserer spesielt på rådgiving og rettleiing av elevane. Slik kan elevane meistre skulen og samstundes bearbeide vonde opplevingar. Grace er ein av elevane. Då ho var lita, mista ho faren sin og måtte flykte til Khartoum saman med mor si. Der budde dei som flyktningar i mange år. Då dei returnerte til Maridi i 2016, tok mora kontakt med KFUK som informerte ho om skulen. Grace starta som elev i 2017, men ho strauk på prøvene og måtte bytte til eit lågare klassetrinn.

Lærarane ved skulen såg at lærevanskane Grace opplevde, kom som eit resultat av traumatiske opplevingar i barndomen. Ho fekk byrje med rådgiving og familieterapi. Lærarane gav ho også tett oppfølging på skulen, og summen av dette gjorde at karakterane steig. KFUK oppmuntra Grace til å ta del i andre aktivitetar, slik som Let Girls Talk Club. Etter kvart byrja Grace å blomstre. Ho vart meir utadvent, sjølvsikker og byrja også med musikk som fritidsaktivitet.

To år etter at Grace byrja på skulen og strauk på prøvene, tok ho sin første eksamen. Ikkje berre stod ho, men ho fekk beste resultat av alle elevane på skulen og i heile delstaten Maridi. Grace har sjølv sagt at rådgjevinga og oppfølginga ho fekk på skulen har vore avgjerande for resultatet. Same året vart Maridi den beste skulen i distriktet. Den heilskaplege tilnærminga til utdanning, kombinert med rådgjeving og gruppediskusjonar, har gjort at skulen har klart å løfte fram elevar frå marginaliserte grupper i Sør-Sudan. 


Tusen takk for at du gir! Dine gåver gjer at fleire barn i Maridi kan glede seg til å meistre skulekvardagen.


ALLE TENER PÅ BLACK FRIDAY 
Dersom vi investerer pengane våre i verdas unge! Våre partnarar løftar unge menneske sine stemmer. Tusen takk for at du bidrar!