Klimahausten
Denne hausten er det utruleg mykje som skjer på klimafronten. KFUK-KFUM Global har klimarettferd som eit av våre hovudmål for å skapa ei meir rettvis verd, og me er aktive på fleire stader. Her får du ei oppsummering av noko av det viktigaste som skjer framover.

Foto: Moyan Brenn, Flickr, creative commons
Klimaforhandlingane som skal finne stad i Paris i desember vil vera viktige for arbeidet med klimapolitikk dei neste åra. Me meiner at forhandlingane er ein start på det grøne skiftet verda treng, men leiarane i Paris vil ikkje få det siste ordet. Me skal byggje vidare på avtalen i Paris og sørge for ein meir rettvis klimapolitikk. Du kan lesa om KFUK-KFUM Global sitt klimaengasjement her.
Førebur seg til klimatoppmøtet
Det er mykje som skal gjerast før eit stort klimatoppmøte kan gjennomføras. Her i Noreg er dei frivillige i KFUK-KFUM Global aktive i fleira kanalar. Klimautvalet har verkeleg fokusert på å lesa og skolera seg før det store møtet. Dei har delteke på klimakonferansen til Aftenposten i haust og har hatt skolering i utvalet. – Me har fokusert på å forstå den kompliserte politikken som verda sine leiarar skal forhandle om i Paris. Og korleis me kan påverka det som skal skje, fortel Kristin Kroken som leiar utvalet. – To av medlemmane i utvalet besøkte klimaminister Tine Sundtoft på kontoret hennar for eit par veker sidan. Dei fortalte ho at me meiner at Noreg har eit historisk ansvar for klimaendringane som me må ta på alvor. NRK blei også med på møtet og laga denne reportasjen.
Kirsten Finch som leiar KFUK-KFUM sitt utval for diakoni har også treft Klimaministeren denne veka. På eit møte med heile forhandlingsdelegasjonen som reiser til Paris frå Noreg fekk sivilsamfunnet gitt sine anbefalingar til delegasjonen. Me ynskjer eit større ambisjonsnivå frå delegasjonen, særleg når det kjem til målet om kor mykje verdas temperatur skal kunne stige. Klimaministeren og forhandlingsdelegasjonen snakkar om eit 2-gradersmål, mens sivilsamfunnet ynskjer at målet for temperaturstigning skal ligge på 1,5 grader. På møtet blei også dei fire hovudpunkta som vil vere fokus for møtet i Paris diskutert. Desse er: 1) å få på plass ein bindande avtale, 2) einighet om felles utsleppsmål, 3) at alle land oppjusterer sine utsleppsmål, og 4) å få på plass forpliktande rapportering for å sørge for at måla blir etterlevde.
Reiser til Paris
I desember reiser 20 ungdommar frå KFUK-KFUM-bevegelsen til Paris for å vera med på klimatoppmøtet på vegne av KFUK-KFUM Global. Dei skal vera med på YMCA sin Klimacamp som skal arrangeras for ungdommar frå heile verda. På Klimacampen skal dei få læra meir om klimaendringar og korleis dei påverkar menneske og natur. Dei skal få vera med på å påverke den norske delegasjonen og leiarane som skal forhandle om ein ny klimaavtale. Aslaug Mork Topphol er ein av deltakarane som for tida førebur seg til klimaforhandlingane i Paris. Ho har vore aktiv i både barnekor, Ten Sing i Volda/Ørsta og er for tida speidarleiar i Bergen, kor ho studerer for å bli lærar. Ho fortel kvifor ho gler seg så mykje til Klimacampen i Paris. – Klimakampen er ei så innmari stor sak at ein kan føle seg liten og ubetydeleg og miste motet. Å la ungdomar bli høyrt er noko av det eg synes er så viktig med Klimacampen til YMCA. Å få dei til å forstå at dei har noko dei skulle ha sagt og kan være med på påverka. Dette er verkeleg noko eg gler meg til!
Korleis du kan engasjera deg
Det er også mogeleg å engasjera seg for å vise leiarane våre at me ynskjer ein rettvis klimapolitikk og ein godt resultat av forhandlingane i Paris. Laurdag 28. november arrangeras Folkets Klimamarsj på fleira stader i heile verda og i Noreg. Under kan du finne meir informasjon om Klimamarsjar i Noreg.
I Oslo vil me oppfordra KFUK-KFUM-arar til å møtast utanfor forbundskontoret i Grubbegata 4 klokka 12:30 for å gå saman vidare til marsjen. Meir informasjon finn du her
Klimamarsjen arrangerast i heile landet:
I Oslo
I Bergen
I Fredrikstad
I Grenland
I Harstad
I Kristiansand
I Stavanger
I Sandefjord
I Tromsø
I Trondheim
I Ås