Dei av oss som fell mellom to stolar

KFUM i Sør-Afrika responderer på akutte behov blant dei unge i samfunnet, og fleire av desse utfordringane har ikkje blitt noko mindre prekære etter at pandemien braut ut. Les vidare for å sjå kva KFUM gjer i områda dei held til. 

Koronaviruset har også ramma Sør-Afrika, og landet har vore i lockdown sidan slutten av mars. Hos vår partnar KFUM i Sør-Afrika har dei hatt heimekontor sidan 26. mars. KFUM i Sør-Afrika responderer på akutte behov blant dei unge i samfunnet, og fleire av desse utfordringane har ikkje blitt noko mindre prekære etter at pandemien braut ut. Mykje av arbeidet KFUM gjer no, handlar om å sørge for at heimlause og andre som har sitt levebrød på gata har ein stad å vere, og at informasjonen som sirkulerer i lokalsamfunna der KFUM er til stades er korrekt.

Fleire av dei tilsette i Sør-Afrika KFUM fortel om utfordrande tilstander. Mange av dei som for tida kjem til KFUM slit ofte med både ustabil psykisk helse og rusavhengigheit, nokre er sexarbeidarar og felles er at mange fortel om vanskelege liv utan openberre moglegheiter til å endre situasjonen dei no er i. Dei av oss som bur på gata, lever med ubehandla psykisk sjukdom eller abstinensar har ikkje det beste grunnlaget for å kome igjennom ei tid der levebrødet har blitt rive vekk over natta og ein må halde avstand til kvarandre og halde seg heime. Sør-Afrika KFUM har respondert ved å vere i frontlinja i sine lokale samfunn, og tilpassar arbeidet sitt etter kva behov som dukkar opp.

Sidan all aktivitet for ungdommane er sett på vent inntil vidare, har Soweto og Durban KFUM opna sine lokale for heimlause slik at dei har ein plass å vere medan landet er i lockdown. Dei samarbeider tett med sine lokale myndigheiter og andre organisasjonar for å vite kor mange som treng husly, og kva andre behov desse måtte ha. Durban KFUM har gått saman med eit fleirreligiøst fellesskap for å best mogleg respondere på behova som melder seg. Frivillige hinduistar står for utdeling av lunsj, muslimar står for utdeling av middag, jødar står for utdeling av drikke og har opna Durban Jewish Centre som kvilestad for personale som jobbar i frontlinja. Durban KFUM har så langt klart å gje husly til 40 kvinner og nokre par. Alle som kjem for å få husly blir testa for korona før dei får kome dit, og må også i karantene i starten på opphaldet sitt. Dei som bur der får også tilbod om å delta i ulike aktivitetar, slik som treningstimar, spirituelle aktivitetar og filmkveldar.
Pietermaritzburg KFUM har også jobba saman med sine lokale myndigheiter for å finne ut kva behov dei unge i nærområda har, og har tilbudd sine lokale som husly for dei som treng det. Tidlegare har det vore ei utfordring for KFUM i Pietermaritzburg å kome i kontakt med kvinner som lever på gata, fordi desse ofte har menn rundt seg som hindrar denne kontakten. Sidan dei no bur delt etter kjønn hos KFUM, har dette gitt kvinnene moglegheit til å bli betre kjend med KFUM og omvendt. KFUM i Pietermaritzburg jobbar også tett med lokale myndigheiter om å utvikle koronatrygge program for ungdom, då dette er sårt trengt.
Cape Flats KFUM har også måtta endre framgangsmåte i arbeidet sitt. 52 arbeidarar har begynt å levere medisinar for dei som er i risikosona, og køyrer frå klinikkar til heimane deira for å levere, slik at dei kan halde seg heime og unngå unødig risiko. Rådgivarane som jobbar ved Cape Flats KFUM, held også fram med arbeidet på klinikkane og sjukehusa. Testing for sjukdommar slik som diabetes og HIV held fram, og dei som opplever å få ein ny kvardag treng framleis rettleiing til å tilpasse seg.

Ungdom på bana ved Cape Flats KFUM, før pandemien braut ut. Foto: Sofie Nordvik

Ved Athlone KFUM jobbar det mange sjukepleiarar og helsearbeidarar. Desse har no slått seg saman med den lokale klinikken, og hjelper til med å teste pasientar før dei får lov å kome inn i lokala. Andre tilsette koordinerer helseprogramma, som held fram sjølv om landet er i lockdown. Samstundes sørger dei for at 15 000 menneske i nærområda deira får medisinar levert. Ei anna viktig oppgåve som har sprunge fram i kjølvatnet av pandemien, er å slå ned på falske nyhende om smitterisiko og koronaviruset. Athlone KFUM speler såleis ei viktig rolle i å sørge for at folk får tilgang på rett informasjon. Nelson Mandela Bay KFUM organiserer og deler ut matkasser til 80 familiar med små born, der måltida til desse ungane ofte har vore i barnehagen til KFUM. Når den no er stengt, sørger KFUM for at familiane får mat sendt til seg heime.
Sør-Afrika KFUM har på ein beundringsverdig måte klart å vere fleksible og tatt i mot dei som gjerne fell mellom to stolar i krisetid. Tilsette og frivillige gjer ein svært god jobb, og saman med lokale myndigheiter og eit stort nettverk av andre organisasjonar når Sør-Afrika KFUM fram til mange som treng det.
Partnarane våre går usikre tider i møte. Noverande situasjon gjer langsiktig planlegging utfordrande, og økonomi er ein viktig faktor. Bli fast givar hos KFUK-KFUM Global og ver med å bidra til økonomisk stabilitet for Sør-Afrika KFUM og dei andre partnarane våre.

Dersom du har spørsmål når det gjeld givarforholdet ditt, ønskjer å auke ditt månadlege beløp på ein eksisterande givaravtale eller har andre spørsmål, er du hjarteleg velkommen til å ta kontakt med oss på tlf 22 99 15 90 eller ved å sende ein epost til global@kfuk-kfum.no