Hva skjer i FN etter Parisavtalen?
Med måla i boks, diskuterer FN reglane for å nå dei. Kristian og Sofie var til stades då landa møttest i mai.

Sofie og Kristian sammen med den norske sivilsamfunnsdelegasjonen på FNs klimaforhandlinger.
Kina klikka. Eg jubla. Noreg hadde akkurat fronta menneskerettane som ein del av regelverket for Parisavtalen. Diskusjonen omhandla kva landa skal informere om når dei kuttar klimagassutslepp.
Dagen før snakka eg med den norske forhandlaren. Eg sa tydeleg ifrå om at Noreg må stå opp for dei som vert ramma av klimaendringane, og at vi må sørge for at samfunnsendringane ikkje fører til brot på menneskerettane. Vi må vite om landa overheld menneskerettane når dei kuttar sine utslepp. Forhandlaren hadde tatt med innspelet mitt, og no fronta altså Noreg akkurat dette i forhandlingssalen. Stor augneblink.

Forhandlingene kan innimellom bli litt vel kjedelige. Heldigvis resulterer det i episke stories på insta.
Internasjonale forhandlingar kan også vere forvirrande og demotiverande. Når forkortingane UNFCCC, APA, og SBSTA er det fyrste ein blir møtt med i FN, kan til og med ein forhandlar bli forvirra. Språket er tidvis svært overkomplisert og forkorta, så i byrjinga trengte eg mykje hjelp for å forstå det. Dette fekk Kristian og eg sagt i frå om at er eit problem, og at vi må inkludere og formidle kunnskap til vanlege folk.
Det er ikkje nok å vete kva som skjer med naturen, (tydelegvis). Vi fortalte at FN må fortelje folk kva som skjer politisk. Med dagsaktuell kunnskap kan vi sjekke om landa held løfta sine. Eg trur dette er viktig for at folk engasjerer seg, og ikkje minst for framgangen i forhandlingane.
No aukar presset. Reglane for å nå måla i Parisavtalen skal vere i boks allereie i desember, og vil peike på korleis land faktisk skal ta ansvar. Dei norske forhandlarane fortalte kor viktig det var at organisasjonar pressa verda til å lage Parisavtalen i 2015. No kan vi hjelpe dei å få reglane i hamn. Då må vi hugse på at det viktigaste arbeidet skjer på heimebane. Her blir Noreg sine strategiar lagt, og vi kan få myndigheitene til å forstå at dei må ta ansvar for at vi skal støtte dei. Saman kan vi skape ein #ansvarspåskrivelse.
Vi sjåast snart igjen,
helsing Sofie
- Skriver under for en mer rettferdig klimapolitikk på ansvarspåskrivelse.no
- Sjekk ut vår podcast: Globalcast
- Gi en gave for å muliggjøre arbeidet for en mer rettferdig verden.