Ein ekte mann
«Frå jord er du kome, til jord skal du bli...» Vi såg jorda treffe kista. Det var ein trist dag. Vi sa farvel til ein eineståande mann i familien.
Click the link to read in english

Ungdommene diskuterer kjønnsroller. Foto: Sofie Nordvik
Det var så mange kontrastar i dei ulike gruppene som
deltok. Kvinnene og borna sørga ukontrollerbart.
Presten heldt fram med seremonien, og eg kikka over
på far min. Han stirra blankt ned på den raude jorda
som dekte den yngre broren hans.
Ei enkel tåre trilla nedover kinnet hans. Dette var
første gongen eg såg far min gråte. Det sette meg
ut. I løpet av mine 27 år hadde eg aldri sett han slik.
Hjarteknust. Som om han kunne føle blikket mitt,
utan å sjå opp, snudde han seg vekk og hasta mot
kaffiplantasjen. Der var han ikkje åleine, mange andre
eldre mannlege familiemedlemmar stod der, alle med
ryggen til, og gret valdsamt.
Det finst ein misforstått idé om at menn ikkje gret, at
vi ikkje føler noko. Vi lever i eit samfunn som ser ned
på deg som ein mann viss du viser «svakheit».
Denne misforståinga, i tillegg til andre faktorar,
Transformativ maskulinitet
hindrar framsteg når det gjeld kjønnsrettferd og
likestilling.
Transformativ maskulinitet er eit program utforma
av Africa Alliance of YMCAs. Det handlar om å hjelpe
unge menn til å forstå kva maskulinitet er, kva det vil
seie å vere ein ekte mann.
Det er ein trygg stad kor unge menn kan reetablere
den mannlege sjølvtillitten fordi med ein gang ein
har tillit til maskuliniteten, vil dette forbetre sosiale
relasjonar mellom menn og kvinner. Ei betre sjølvkjensle
og forståing leier til ei verdsetjing av maskulinitet
hjå begge kjønn, uansett kva kjønnsrolle dei har
i samfunnet.
Ein må sjå nøyare på sosialiseringa hjå menn og hjå gutar.
Det er faktisk mogleg å både vere følsom, respektfull,
ha verdigheit og samstundes vere ein mann.
- Skrevet av Patrick Wanyiri, tidligere SRHR-rådgiver i KFUK-KFUM Global