Å VERE MOTSTANDSDYKTIG MIDT I EI KRISE

Eg hata lyden av ein ringande telefon djupt. I det siste hadde den berre gitt meg beskjedar om alle eg hadde mista på grunn av covid-19. To svigerinner, tre nære vener, fleire naboar og fleire eg brukte å gå i kyrkja saman med. Eg frykta telefonen.

Det verste av alt var å ikkje få vere saman med dine nære då dei låg på dødsleie. Det skapar eit slags hol og gjer det vanskeleg å få fred når du ikkje får sagt farvel. Håpløysa familien sit att med når dei ventar på at telefonen skal ringe sit brent fast i minnet mitt. Forvirringa i dei triste ansikta til barnebarn, søsken, koner og menn. Usikkerheita knytt til kva framtida bringer. 

Slutten av mars i fjor og nedstenginga av Sør-Afrika var ei forvirrande tid. Dei fleste lokale KFUM-ane er avhengige av inntektene som kjem frå studentboligane og treningssentera dei driv. Denne inntekta vart borte frå eit sekund til det neste. Stab måtte oppseiast. Det vanskelegaste var å måtte fortelje kollegaene mine at dei ikkje hadde jobb lenger, og at framtida deira no vart meir usikker. Eg hadde ingen svar då dei spurte meg om når dei kunne kome tilbake på jobb, korleis dei skulle forsørge familiane sine, om dei kom til å overleve korona eller om dette var slutten på kvardagen slik vi kjenner han. Det var for mange spørsmål eg ikkje klarte å svare på. 

Då Durban KFUM, som ligg nærast hovedkontoret, begynte å samarbeide med kommunen om å huse heimlause vart eg henta inn for å hjelpe til med gruppeterapi og individuell rådgjeving for dei nye bebuarane. Dei som oppsøkte KFUM var heilt forskjellige og tilhøyrde ulike religionar, aldersgrupper og hudfarge. Det samla så mange dynamikkar vi kjente att frå den tida då Sør-Afrika var under apartheid på same plass. Det var sterkt å sjå menneske med så ulike livshistorier kome saman på denne måten. 

Foto: Sør-Afrika KFUM

Mi største utfordring på jobb var korleis i alle dagar eg skulle forkynne det å vere motstandsdyktig, når eg syns dette var vanskeleg sjølv. Eg kjende meg så utilstrekkeleg i å takle alle dei ulike utfordringane vi møtte på. Det var menneske som sleit med rusmisbruk, kranglar og slåsskampar bebuarane – og par – imellom, tjuveri, alkoholikarar som sleit med abstinensar, utfordringar knytt til mental helse. Eg måtte også stå i å møte dei som stakk av frå KFUM for å kome tilbake neste dag, for så å bli nekta adgang på grunn av at dei hadde brote karantenen. Risikoen var for høg til at vi kunne sleppe dei inn att, og eg kjem aldri til å gløyme ansikta deira når vi måtte fortelje dei dette. 

Denne nye kvardagen lærte kollegaene mine og meg sjølv toleranse og aksept. Vi blei flinkare til å lytte, til å ta vare på andre uansett kva bakgrunn dei måtte ha. Vi hadde ulike gruppemøte med tema «målsetjing». Dette vart ein augeopnar for meg og la grunnlaget for ei ny læringskurve. Klientane våre møtte så mange utfordringar, sto framfor svært usikre framtider og var likevel så ivrige etter å kome i gang med liva sine igjen. Kven er eg då, viss eg ikkje let meg inspirere og motivere til å tenke nytt på mitt eige liv? Dette gav meg ny styrke til å fortsette. Kvifor skulle eg ikkje jobbe ekstra hardt no, eg som hadde fått ein ny sjanse? Det hadde ikkje mine to svigerinner fått. Eg har fått omsorg for deira barnebarn, og med det fekk livet mitt også nye utfordringar. Eg er likevel velsigna som har fått leve vidare med alt det nye livet mitt har fått av innhald.

Mpume Zama
National Youth Justice Manager, Sør-Afrika KFUM