Ei eldre kvinne sit i resepsjonen på YWCA Kisumu. Vi står på kontoret og pakker sanitærbind og går gjennom kva vi skal seie under feiringa av den internasjonale kvinnedagen.
Av Karoline Hasle Einang, rådgivar på SRHR og utvekslingsdeltakar hos Kisumu KFUK
Vi er på veg til eit kvinnefengsel for å feire dagen der, med te, Mandazis, talar og quiz. Kvinna i resepsjonen lurer på om det finnes nokon her ho kan snakke med. Ho treng bistand i å sikre sine rettigheiter, seier ho. Vi tek henne med inn på kontoret; “fortel oss kva du har på hjartet”. Ho mistenker at mannen hennar har misbrukt døtra deira seksuelt. Han har no kasta dei begge ut av huset og satt opp nye låsar på dørene. Kvinna har vore til politiet, første gong allereie i 2018, men ingenting har skjedd. Ho gret, vi held henne i handa. Vi kan heldigvis henvise henne til ein annan organisasjon her som arbeider med kjønnsbasert vold. Ein kollega følgjer henne dit og vi pakkar dei siste sanitærbinda.
I kvinnefengselet blir vi møtt med dikt, sang og dans. Det er god stemning, det luktar nystekte bakevarer. Vi snakkar om Kvinnedagen; kvifor blir den feira og kva er eigentleg likestilling? Alle vinn quizen og vi deler ut sanitærbind. Ei mangelvare i eit offentleg fengsel for kvinner.
Dagen etter er den offisielle feiringa av Kvinnedagen arrangert av fylkesmyndigheitene. 15 ulike organisasjonar deltek i arrangeringa, YWCA Kisumu er ein av dei aktive aktørane. Vi går i tog med plakatar og paroler frå eit av slumområda til sentrum med korps i spissen. Kring 500 mennesker er samla for feiringa, æresgjesten er kona til guvernøren i Kisumu. I tillegg til talar, underholdning og brød, har organisasjonane tilrettelagt for veiledning, informasjon og hivtesting under arrangementet. YWCA deler ut kondomar og ungdomsretta informasjon om seksuell og reproduktiv helse og rettar. Vi feirer framgongen for kvinners rettar og stilling i samfunnet. Mange organisasjonar har arbeidd med dette lenge.
Kvinnedagen har vore feira i over 100 år. Denne dagen er framleis viktig. Det er ein viktig kampdag fordi vi framleis har ein lang veg å gå.