Aktivitet

Nyhets-oppdatering

Oppdater kvarandre på kva som skjer i verda slik at ein kan ha oversikt utan å måtte lese ALLE nyheitssaker sjølv. La nyheiter vere inspirasjon til å påverke verda lokalt eller globalt.

Her kommer tidsrom.


Det er enklare å endre verda vi er ein del av om vi veit litt om kva som skjer og har litt oversikt. Dette kan både vere enklare og kjekkare å gjere saman.

I lita gruppe:

Bruk for eksempel 15 min på at alle finner ei sak kvar frå lokale, nasjonale eller internasjonale nyheiter. EVT. kan dykk sette tema for nyheitene, som klima, krig og konflikt, feminisme eller noko anna de er interessert i. Snakk deretter om det dykk har funne i fellesskap. Kanskje nokon har funne utfyllande informasjon eller noko som står i konflikt til det du sjølv har lese? Kanskje nokon har ulike meiningar om saka? Hugs at det er lov til å vere ueinige og at dette kan hjelpe oss å sjå ei saka frå fleire sider, og gjere det meir spennande.

I stor gruppe:

Fordel møtepunkta mellom dykk slik at det alltid er nokon som har ansvar for å formidle ei nyheitssak til gruppa. Om ein ynskjer det kan ein variere med korleis ein legg fram nyheitene; ein kan vise bilete eller ein kort videosnutt, dramatisere eller opne for diskusjon. Dette kan gjere ei fotballøkt, bandøving, Ten Sing-øving eller andre møtepunkt enno meir spennande.