Aktivitet

Lasagne

Ein enkel vegetarrett som passar perfekt til restegrønsaker i kjøleskapet

Slik gjer du: 

Grønsaksfyll (dersom du heller har valgt rotgrønnsaker kan disse steike saman med sausen. Ha i samtidig som tomat) 

1. Skyll spinat i kaldt vatn og fjern dei grovaste stilkane. Ha spinaten i ein romsleg kjele med kokande vatn akkurat så lenge at spinaten fell saman. Ta opp spinaten og avkjøl i kaldt vatn. Behald vatnet i kjelen til spinaten. 

2. Fjern grove stilkar på grønkålen og kok den i 2-3 minutt eller til den vert mjuk. Avkjøl i kaldt vatn 

3. Klem ut så mykje veske som mogeleg av spinat og grønkål og kutt grovt 

4. Steik sjampingjong litt og krydre med salt og pepper 

Tomatsaus 

5. Kutt grønsaker 

6. Surr lauk på middels varme, ha i til chilli og kvitlauk 

7. Ha i tomat 

Ostefyll 

8. Bland ricotta, créme fraïche, hakkede urter og chiliflak i en bolle. tynn eventuelt ut med litt melk, og krydre med salt og pepper. 

9. Smør ei ildfast form og legg lagvis tomatsaus, ost- og grønsaksfyll i tilleg til revet ost og feta. Avslutt med ost 

10. Steik midt i ovnen på 200oC i 35-40 min eller til overflata er gylden.

La lasagnen kvile i nokre minutt medan du evt steikar kvitlauksbaguettar