
Aktivitet
Klimapilegrim
Gå for klima! Alle skritt du går er med å kreve at våre leiarar tek klima på alvor
Ein Klimapilegrimstur er ein handling for klimarettferdigheit der du samlar alle skritt du og ditt følgje går for klima. Desse blir sendt til norske politikarar med krav om å kutte utslepp og auke pengar til klimatiltak her heime og i utviklingsland. Dette kan du gjere samtidig som du nyter naturen eller vandrar med i demonstrasjonstog i byens gater.
Før vandringa:
- Finn ei løype i mark, fjelle eller by
- Lag ein event/inviter deltakarar og registrer arrangementet på klimapilegrim
- Bestem program. Du kan eks. lage mat/invitere nokon til å prate om klima(klimautvalet kjem gjerne på besøk om det passar)/halde refleksjonsbolk med ispirasjon frå klimapilegrim/ lage demonstrasjon
- Finn nokon som har ansvar for å ta bilder undervegs
KOS DEG PÅ TUR
Etter vandringa:
- Registrer tal på skritt
- Lag en nyhetssak om turen. Her finn du hjelp til å skrive
- Evaluer arrangementet
