Aktivitet

Dumpster diving/ skralling

Demonstrer mot kjøp- og kast-samfunnet og redd mat frå matbutikkar sine konteinarar

Ver ei motstemme mot matsvinn gjennom å skralle skattar frå konteinere samtidig som du sparer pengar og reddar mat. Her kjem tipsa du treng for å komme igong

1: Det er kanskje ulovleg, men du har moralen på di side

Prinsipielt eig butikksjefen søpla til den er henta av søppelbilen. Å ta kasta mat er i teorien å stele og kan straffast med bøter, men det finns ikkje straffeeksemplar på dette i Noreg. Det er ikkje ulovleg å ta seg inn på ein eigedom med mindre den er inngjerda. Det er sjølvsagt ikkje tillat å bryte opp ein låst konteiner eller å drive hærverk av anna slag. Det er moralsk å redde mat som ville blitt kasta. Slik sparar ein klima og miljø, og spelar ei rolle som ei motvekt til bruk- og kastesamfunnet. 

2: Rydd <3 <3

Forlat staden finare enn du fann den! Dupster diverar gjer det ein kan for å halde god relasjon til butikkar. Det er difor viktig å rydde opp og om ein blir bedt av personalet om 

3. Vent til etter stengetid 

I opningstida kan det oppstå pinlege situasjonar. Maten vert ikkje kasta før etter stengetid, så det kan vere lurt å vente ein times tid. 

4: Ta med ein ven

Det er sjølvsagt mogeleg å dumpster dive åleine, men det er hyggjeleg å vere fleir. I tillegg til å ha selskap når ein vandrar gjennom gatene ei natt er det praktisk. Då kan ein vippe konteineren og holde lokket medan den andre graver etter skattar. Låst konteiner? Ein må ofte leite litt for å finne opne konteinarar, særleg i byar. Her er det berre å leite seg fram, gjere seg erfaringar og bruke jungeltelegrafen(sjølv om mange held skattkammer for seg sjølv). Kanskje kjenner du nokon som jobbar i butikk som har tips? Når du møter ein låst konteinar er det lurt å sjekke om låsen virker eller om den berre skal gi inntrykk av å vere låst. 

5: Ekkelt? Skatten finns i botnen av konteineren

Ver budd på at det kan lukte litt og at du kan finne ekle ting mellom skattane. Med litt trening eller med ein ven blir alt litt enklare. 

Dei beste kuppa må ein ofte grave litt for å finne. Ver budd på å legge hemningar frå deg og dykke lang ned. Opne gjerne samanknytta posar og flytte rundt på innhaldet i konteineren. Ikkje ta med eit tonn mat heim Nokre gonger møter ein mykje mat som har blitt kasta. Ein kan bli overvelda og ta med meir mat enn ein klarer å ete. Då er det viktig å ha ein plan for å gje bort det du ikkje treng sjølv. Tenk på kor mykje du tek med, kanskje kjem det til og med fleire i løp av natta. 

6: Bruk sansene og sjekk maten

Lik som med all anna mat er det viktig å bruke sunn fornuft og sansar for å bestemme kva mat du vil ta med heim. Datostempelet er irrelevant, men sjekk om kvart produkt er i orden. Hugs at du kan både kan ete og lage mykje av ei brun banan. Og at om nokre av tomatane i pakken er dårlege kan du vaske og bruke resten. Innpakka mat er ofte ekstra lettvindt. 

7: Rengjør tilgrisa mat

Vask maten når du kjem heim. Bruk gjerne 50-50 eddik og vatn for å desinfisere og fjerne lukt.

8: Mislykka skralling? Prøv igjen! 

 Det krevjar øving for å bli ein god dumpster diver. Ikkje gi opp om du ikkje kjem heim med kupp dei fyste gongane. Prøv fleire stader og grav djupare. Det finns mange tonn kasta mat å ta av der ute.

9: Mange tilfeldige ingrediensar?

Etter ein kveld i konteineren sitt du gjerne igjen med andre varer enn du vanlegvis ville kjøp. Kanskje kan du la deg inspirere til å lage noko nytt. Sansynligvis får du kjøleskapet fult av ulike grønnsaker som for eksempel passar perfekt i denne lasagnen!

10: Det nyttar å redde mat